Seremoni
Planlegging og tilrettelegging av seremoni
Du kan få hjelp av oss til alle praktiske gjeremål i samband med planlegging av seremoni. Anten kan du avtale å møte oss på kontoret i Syvde, eller vi kan kome på heimebesøk.
Vi tilbyr assistanse om du ynskjer seremoni i regi av den Norske kyrkje, Human-etisk forbund, ulike kyrkjesamfunn, livsynsnøytral eller privat seremoni. Det er også muleg å arrangere gravferd utan seremoni.
Den mest brukte seremoniforma i Vanylven er seremoni i regi av den Norske kyrkje (link til Kyrkjekontoret i Vanylven).
Under ser de korleis seremonien går føre seg i kyrkja i Vanylven:
- Orgelmusikk
- Klokkeringing
- Preludium
- Evt. musikkinnslag
- Salme
- Inngangsord og bøn
- Minneord
- Kransar, blomar og helsingar
- Orgelmusikk eller anna musikkinnslag
- Skriftlesing
- Salme
- Tale
- Bøn
- Fader Vår
- Salme
- Evt. musikkinnslag
- Postludium
Retningslinjer:
Ifølgje allmenne føresegner er gravferd etter ordninga i kyrkja ei kyrkjeleg handling av gudstenestleg karakter. Gjennom val av skriftlesingar, bøner og salmar og det som elles vert sagt og gjort, skal alle som har ansvar for eller medverkar til gravferdshandlingar, gjere sitt til at den bibelske bodskapen kjem til uttrykk.
Salmar og songar skal godkjennast på førehand av den som har tenesta. Alt musikkstoff som skal brukast, skal på førehand godkjennast av organist.
Urnenedsetting
Ved bisetting vert kista transportert til krematoriet i Ålesund. Etter kremasjon vert urna sendt til kyrkjekontoret.
Pårørande tek kontakt med kyrkjeverje for å avtale tid for urnenedsetting.