Om oss

Til hjelp i ei tung stund

Å oppleve at ein av dine næraste går bort er ein krevjande situasjon å kome i. Døden er ein del av livet, og råkar på eit tidspunkt alle.

Vakttelefon

Vakttelefon heile døgnet: 91 74 34 82

Alice Arnesen Stranden

Dagleg leiar
E-post: alice@vanylvengravferd.no

Hallvard Larsen

Gravferdskonsulent
hallvard@vanylvengravferd.no

Å oppleve at ein av dine næraste går bort er ein krevjande situasjon å kome i. Døden er ein del av livet, og råkar på eit tidspunkt alle.

Vanylven Gravferdsbyrå tilbyr hjelp til folk som er i sorg over tapet av ein kjær person. Verksemda er knytt til Blomsterkjellaren Syvde og vert driven av Alice Arnesen Stranden. Rigmor Arnesen var den som grunnla verksemda, før dottera Alice tok over i 2005. Ved sidan av Alice, er Hallvard Larsen tilsett i gravferdsbyrået.

Vanylven Gravferdsbyrå har forretningsadresse i Syvde sentrum og marknaden er i all hovudsak Vanylven kommune med bygdene Fiskå, Åheim, Sylte, Eidså, Syvde, Åram og Rovde.

Vi hjelper deg med alle praktiske gjeremål i samband med dødsfall og gravferd, og legg vekt på å vere til hjelp og støtte gjennom handling og samtale. Vi er glad i jobben vår nettopp fordi vi kan vere til hjelp i ein vanskeleg situasjon, og fordi vi får så mykje takksemd tilbake. Vi legg all vår kunnskap og kjærleik i arbeidet for at alle skal få ei verdig avskjed.

Miljøet i Vanylven er lite, og gjennom åra har vi teke del i sorgprosessar i mange familiar. At vi er der når sorga treff, er med på å knyte band som vi har med oss i møter vidare i livet.

Kom i kontakt

Vanylven Gravferdsbyrå
6140 Syvde

Butikk: 70 02 31 20
Vakttelefon: 91 74 34 82
E-post: post@vanylvengravferd.no

Informasjon om personvern

Dagleg leiar Alice Stranden er ansvarleg for Vanylven gravferdsbyrå si behandling av personopplysningar.

Vanylven gravferdsbyrå har ingen opplysningar som går under “sensitive” opplysningar.

Vi lagrar følgande personopplysningar om våre kundar: Namn, adresse, telefonnummer, fødselsdato, slektskap til avdøde og e-postadresse, med det formål å kunne hjelpe pårørande med å gjennomføre ei gravferd og melde dødsfallet etter samtykke frå pårørande til offentlege myndigheiter. Vi brukar opplysningane for å kunne gje informasjon og service vedrørande gravferda.

For å oppfylje våre forpliktelsar ovanfor gravferdsansvarleg, utleverast nødvendige opplysningar til kyrkjeverje, tingrett og steinleverandør.

Utover dette vil vi ikkje overføre eller på annan måte utlevere personopplysningar til andre.

Dine personopplysningar behandlast i henhold til personopplysningslova og gjeldande forskrifter.

Session Cookies i WordPress

Publiseringsverktøyet som vert nytta på denne sida, WordPress, lagar ein cookie når ein loggar seg inn som brukar. Denne nyttast til å spore aktiviteten til den innlogga brukaren, og om brukaren har tilgang til å redigere nettstaden. Det vert ikkje lagra noko «session cookies» i WordPress frå eit vanleg besøk på denne nettstaden.

Dersom du har spørsmål/ynskjer å vite meir kring vår behandling av personopplysningar, ikkje nøl med å ta kontakt (kontaktinformasjon finn du på nettstaden vår).

For meir informasjon om dine rettigheiter, sjå Datatilsynet sine nettsider.

Ta hand om informasjonskapslar i din nettlesar

www.nettvett.no kan du lese om korleis du endrar på nettlesaren for å godta/avvise informasjonskapslar, og få tips til tryggare bruk av internett.